Korleis eg lagde kjolen
Eg starta med å teikne skisser, og valde til slutt eit produkt. Vidare måtte eg finne eit ferdigmønster som skulle stå i samspel med kjolen. Dette mønsteret vart kjøpt og så var det i gang med moroa!
Først måtte eg ta mål eigne kroppsmål, og fekk hjelp av ein veninne til dette. Deretter justerte eg ferdigmønsteret for å få det tilpassa min størrelse og modell. Litt att og fram, og mønsteret passet som et skudd.
Eg la mønsteret på det valte stoffet med retta inn og brukte 1 til 2 cm saumrom. Så klipte eg stoffet etter oppmerkinga tråkla alt saman. Vidare var det fleire små og store justeringar, og vi kunne på ny tråkle den perfekt inn til kroppen.
Etter tilpassinga var det då å sy med maskin, her valte eg å sy dei største stykka først. Først vertikalt, deretter sydde eg på tvers. Så sydde eg inn innsnitta på kjolen. Bak har eg i tillegg sydd på glidelås.
Den store utfordinga var å få til ‘foldedekoren’/’rysjekantane’ både oppe og nede på kjolen. Her valde eg eit ganske glatt og fint svart stoff. Her var det viktig at dette stykke da ville passe perfekt til over delen. Så dermed måtte eg rekne litt.
Etter å ha sydd på denne ‘dekoren’ esse måtte eg stryke kjolen med stryke jern, i alle ‘kre og kro’. I tillegg sydde eg på ei lita svart sløyfe som passa godt til heilskapen elles.
Dermed var eg ferdig! Kjolen vart meget fin, synest eg, og sit godt på kroppen.
Men på grunn av mykje jobbing heime hadde eg kome lenger enn dei fleste og fekk dermed ekstra god tid til bloggen min.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar